Språktreff

Velkommen til språktreff på Bjørnafjorden bibliotek!

Aldersgruppe: 18 til 100 år

Kvar fredag er det språktreff på biblioteket frå kl 12.30 – 14.00 for vaksne frå 18 år. Dette er ein del av introduksjonsprogrammet i kommunen, og er eit samarbeid mellom Flyktningtenesta, Os frivilligsentral og Bjørnafjorden bibliotek.

Målet med introduksjonsprogrammet er å gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.

Frivillige og deltakarar frå introduksjonsprogrammet snakkar norsk saman over ein kopp kaffi, og det skal være ein stad der dei vaksne kan utvikle sine språkferdigheiter og bli kjent med andre vaksne medan borna er i barnehagen og på skulen.

Har du lyst å vera med som frivillig? Du bind deg ikkje til noko, men er med om det passar ein fredag, eller fleire. Gje ei tilbakemelding om dette kan vera noko for deg!


Oppstart 2024: fredag 19 januar

2024 © Os frivilligsentral