Avdelingsven på Luranetunet bu- og behandlingssenter

Bli Avdelingsven på Luranetunet

Aldersgruppe: 16 til 100 år

Har du lyst til å bli avdelingsven på Luranetunet?

Målet med aktiviteten er at ein ven skal bli så godt kjent med avdelinga, bebuarar og tilsette, at dei kan komme innom avdelinga når dei har tid og lyst. Om det er for ein kopp kaffi, prat, tur, sosialisering eller steiking av vaflar, er heilt opp til ynskje hjå dei frivillige og avdelinga. Tida du brukar er også opp til deg. 

Avdelingane som er i gang har fire og fem frivillige på sitt lag. Om dei kjem saman nokon eller kvar for seg er også opp til dei. Kanskje vil det bli ein flott moglegheit til å finne på noko saman med fleir.

Tida fram til det vert eit tilbod til fleire avdelingar, vil vi bruke på å bli kjent med deg, høyra kva de ynskjer og bidra med. 

Ta kontakt for meir informasjon :)

2024 © Os frivilligsentral