Aktivitetsven

Bli aktivitetsvenn! Å vera aktivitetsven er enkelt. Du treng bare å gjere noko du liker, samtidig som du gjer ein med demens fleire gode dagar og gode opplevingar.

Aldersgruppe: For alle

Ein aktivitetsven er ein frivillig som gjer aktivitetar saman med ein som har demens. Aktivitetsvenen og personen med demens kobles saman på bakgrunn av felles interessar, og møtast minst to gonger i månaden og gjer ting saman som dei likar. Det kan vera alt frå å gå på tur, gå på teater eller på kafe, til å bare treffast for ein kopp kaffi og ein prat.

Målet er at samværet skal vera gjevande og trygt for begge partar.

Dei frivillige får kurs og veiledning frå Nasjonalforeningen for folkehelsen, slik at dei er best mogleg rusta for å være ei støtte og ven i kvardagen for eit menneske med demens.

Noko for deg? Ta kontakt!

2024 © Os frivilligsentral