Trygg i Bjørnafjorden, 22.11.22 18.11.22: Tysdag 22. november går "Trygg i Bjørnafjorden" av stabelen i Oseana kunst- og kultursenter. Arrangementet rettar seg mot godt vaksne bjørnafjordingar. Gjennomgangstema er tryggleik og kva du sjølv kan gjere for å kjenne deg trygg og nøgd i eigen heim så lenge som mogleg - i tillegg blir det musikk, underhaldning og servering. Årets tema er Frivillig innsats til glede for alle.