Tirsdag 22 November 2022
Kl. 10:00 - 14:30, Oseana Kunst- og kultursenter
Trygg i Bjørnafjorden
Tysdag 22. november går "Trygg i Bjørnafjorden" av stabelen i Oseana kunst- og kultursenter. Arrangementet rettar seg mot godt vaksne bjørnafjordingar. Gjennomgangstema er tryggleik og kva du sjølv kan gjere for å kjenne deg trygg og nøgd i eigen heim så lenge som mogleg - i tillegg blir det musikk, underhaldning og servering. Årets tema er Frivillig innsats til glede for alle.

Program for Trygg i Bjørnafjorden 2022

kl. 10 Frivillige lag og organisasjonar og kommunale tenester står på stand i foajeen

kl.10.30 Dørene opnar til Oseanasalen

kl. 11.00 Programmet startar

Konferansier Mari Lyssand, kultureininga i Bjørnafjorden kommune

  • Song ved Borgafjellet barneskule
  • Opning ved ordførar Trine Lindborg (Ap)
  • Nytt frå kommunen ved Christian Fredrik Fotland, kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune
  • Innlegg frå kommunalsjef helse og velferd i Bjørnafjorden kommune
  • Frivilligheit i lokalt beredskapsarbeid ved Ella Marie Brekke Vangsnes, beredskapskontakt i Bjørnafjorden kommune

Lunsj frå Oseana kafé og restaurant 

  • Innlegg frå frivilligsentralane ved leiar for Fusa frivilligsentral, Victoria Dale, leiar for Os frivilligsentral, Stine Kobbeltvedt og ei frivillig eldsjel

Musikalske innslag frå Eirik Søfteland 

kl. 14.30 Avslutning og vel heim

Endringar i programmet kan skje.

Kjøp billett

Billettar kr 150,- til sals i resepsjonen i Oseana kunst- og kultursenter, telefon 917 50 231 eller kjøp billettar på nett.

Treng du transport?

Kontakt Bjørnafjorden kommune på telefon 948 53 607 eller Fusa frivilligsentral på telefon 920 93 716.

Påmelding er stengt
2024 © Os frivilligsentral