Tirsdag 28 Mai
Kl. 17:30 - 19:00, Oseana kunst og kultursenter
Konsert med Bjørnafjorden demenskor
Konsert med Bjørnafjorden demenskor

Velkomen til konsert med Bjørnafjorden demenskor!

Demenskoret starta opp april 2023, og har songarar frå heile kommunen som treffast til øving kvar tysdag på Oseana kunst-og kultursenter.

Vi ønskjer deg velkomen til ein liten time med høg allsongfaktor og god stemning, der du kan oppleve musikken si magiske kraft – kor godt song gjer for hovud, kropp, sjel og humør!

Vi har fokus på glede og meistringskjensle, vi har eit variert repertoar av kjente og kjære songar – og vi syng med den stemma vi har!

Denne kvelden har vi også med oss nokre gjestar som vi gler oss til å presentere for publikum.

Stine Kobbeltvedt frå Os frivilligsentral leier koret saman med musikkterapeut Solfrid Harstad Hernes. Med seg har dei ein fantastisk gjeng med frivillige medarbeidarar, i tillegg til demenskoordinatorane Sølvi Bjørnevoll Fagertveit og Anne-Siv Skåthun Berge, og Bjørnafjorden demensforening.

For billettar, sjå her:

Konsert - Bjørnafjorden Demenskor med gjestar - Oseana 

2024 © Os frivilligsentral