Mandag 26 Mai
Kl. 17:30 - 19:00, Oseana
Konsert med Bjørnafjorden demenskor
Velkomne til konsert med Bjørnafjorden demenskor!

Bjørnafjorden demenskor gjentek suksessen, og ønskjer deg velkommen til ein liten time med høg allsongfaktor og god stemning. Her får du oppleve musikken si magiske kraft – kjenn kor godt song gjer for hovudet, kroppen, sjela og humøret!

Koret starta opp i april 2023, og har songarar frå heile kommunen som treffast til øving kvar veke på Oseana kunst- og kultursenter.

Vi har fokus på glede og meistringskjensle, vi har eit variert repertoar av kjente og kjære songar – og vi syng med den stemma vi har!
Denne kvelden har vi også med oss nokre gjestar som vi gler oss til å presentere for publikum.

Stine Kobbeltvedt frå Os frivilligsentral leier koret saman med musikkterapeut Solfrid Harstad Hernes. Med seg har dei ein fantastisk gjeng med frivillige medarbeidarar, i tillegg til demenskoordinator Sølvi Bjørnevoll Fagertveit og Bjørnafjorden demensforening.

Billetter finn du her: Oseana - Bjørnafjorden Demenskor m/gjestar - Billettar 

2025 © Os frivilligsentral