Os har landets største fritidsfiskarlag. Laget har ca 220 medlemer og er største lokallag i Noreg.
Laget er tilslutta Norges Fritids- og Småfiskerforbund, eit forbund med 2000 medlemer fordelt på 20 lokallag frå Troms til Oslo.
I heimbygda er laget blant anna kjent for å arrangera fiskekonkurranse i Øyane under Kystsogedagane.
– Vi har samlingar to gongar i veka den mørke årstida, frå oktober til påske.
– Vi har plass til fleire medlemmar, ikkje minst dei som er yngre. I tillegg til medlemsfordeler er det mykje å læra, frå reglar til bruk og reparering av utstyr og filetering og annan behandling av fisk.
For meir info, ring 97522586 eller sjå her: