Prosjekt Hjartetre

Saman om ei god jul for alle er mottoet for julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre, som i år blir arrangert for fjerde gong. Over 300 bjørnafjordingar fekk julegåver til barna sine og bidrag til innkjøp av julemat i fjor.
  • Prosjekt Hjartetre er eit fellesprosjekt mellom Os frivilligsentral, Fusa frivilligsentral, eldsjeler, hjelpeorganisasjonar, kommunale einingar og næringsliv i kommunen vår. 
  • Målet for prosjektet er å spreie glede og varme til barn, unge og familiar som har det ekstra trongt i samband med jul, gjennom eit felles julegåveprosjekt kor privatpersonar og næringsliv kan oppfylle juleønske frå barn og unge i nærmiljøet. 
  • Prosjektet har fått namnet sitt frå “hjartetrea” du vil finne på Amfi Os, Fjord'n senter og Kafé Kulí når det nærmar seg jul. På desse juletrea vil det henge hjarte med gåveønske frå barn mellom 0 og 18 år i Bjørnafjorden kommune. 
  • Alle som vil, kan ta med seg eit hjarte og oppfylle eit gåveønske. Det vil òg bli mogleg å bidra på Vipps.


Vil du gje:
Hjartetre: Vil du glede nokon som har lite til jul? - Innsio | Bjørnafjorden 

Ønskjer du å motta gåve:
Hjartetre 2026: Eg ønskjer å motta gåve - Bjørnafjorden kommune  

2026 © Os frivilligsentral