-
Avdelingsven på Luranetunet bu- og behandlingssenter
Bli Avdelingsven på Luranetunet
Språktreff
Velkommen til språktreff på Bjørnafjorden bibliotek!Aldersgruppe: 18 til 100 år
Annakvar fredag er det språktreff på biblioteket frå kl 12.30 – 14.00 for vaksne frå 18 år. Dette er ein del av introduksjonsprogrammet i kommunen, og er eit samarbeid mellom Flyktningtenesta, Os frivilligsentral og Bjørnafjorden bibliotek.
Målet med introduksjonsprogrammet er å gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.
Frivillige og deltakarar frå introduksjonsprogrammet snakkar norsk saman over ein kopp kaffi, og det skal være ein stad der dei vaksne kan utvikle sine språkferdigheiter og bli kjent med andre vaksne medan borna er i barnehagen og på skulen.
Har du lyst å vera med som frivillig? Du bind deg ikkje til noko, men er med om det passar ein fredag, eller fleire. Gje ei tilbakemelding om dette kan vera noko for deg!
Datoar vår 2026:
16.01
30.01
13.02
27.02
13.03
27.03
10.04
24.04
08.05
22.05
05.06
19.06
Del på:
-
Besøksven
Har du lyst å bidra til å gjere kvardagen enklare for andre? Bli besøksven hos Os Røde Kors❤️
-
Bjørnafjorden demenskor
Velkommen til Bjørnafjorden demenskor!
-
BUA Bjørnafjorden
Hos BUA Bjørnafjorden kan du låne sports- og fritidsutstyr - heilt gratis!
-
Hobbytreff
Open møteplass. Kvar tysdag mellom 10:30 og 13:30